Kurstida er igong!
Tida for sommarkurs er no inne, og eg er påmeld til to ulike kurs. No på tirsdag skal eg til Kviteseid i Telemark for å vere med på folkemusikk-kurset UngFolk, der unge folkemusikarar og folkedansarar samlast , for å lære nye slåttar på fele, langeleik, hardingfele, fløyte eller song. Ein kan òg vere med på dans, der ein får danse alt frå gamaldans, til hallingdans. Kurset vert avslutta med konsert i Bø i Telemark om fredagen, og om lørdagen er det kappleik for dei som ynskjer å delta. Deretter skal eg vere til stades på resten av Telemarkfestivalen.
Første veka i august er årets sommarskule på Halsnøy. Dette er eit kurstilbod for klassisk ungdom frå 10 til ca. 25 år. Der er ein i ei veke, frå søndag til søndag, og spelar i orkester. Ein kan vere påmeld i ungdomsorkesteret, eit reint strykeorkester, leidd av Igor Rybak, far til Mgp-vinnaren vår. Eller så kan ein melde seg på i det mykje vanskeligare symfoniorkesteret. Der har dei med heile spekteret av instrument som trengs i eit symfoniorkester, alt frå strykarar til blåsarar og slagverk. Dette orkesteret vert leidd av dirigent Kjell Seim. Veka vert avslutta med konsert i Grieghallen i Bergen, der ungdomsorkesteret først spelar, så spelar kammerorkesteret (eit ikkje-obligatorisk orkestertilbod), og til slutt spelar synfoniorkesteret. Eg er påmeld i synfoniorkesteret i år, etter å ha spelt i ungdomsorkesteret i 3 år no. Men eg må seie at eg trur eg har teke meg vatn over hovudet, fo rdet er ganske vanskelige notar, og eg skal til Tyskland på ferie i mellom UngFolk og dette kurset, så eg får nok ikkje så mykje tid til å øve.. Men det skal nok gå bra, med tanke på at kurset har fantastiske instruktørar som engasjerar seg i musikken, og som klarar å motivere ungdomen til å øve.