Musikklinja nærmar seg..

15-08/2009 at 10:46 (Klassisk, Skule) (, , , , )

Eg har no fått vite at eg har kome inn på musikklinja på Stord VGS, og det er faktisk første gong på ti år eg kan sei at eg ikkje gruar meg til skulestart. Det skal faktisk bli kjekt med nye fag og ny klasse, sjølv om eg er klar over at det vert lengre dagar, høgare vanskelighetsnivå og meir lekser. Men eg håpar det går bra. Folk har overlevd musikklinja før, då kan vel eg klare det og..

Det er enno ikkje klart kven eg får som ny fiolinpedagog, men eg har hatt kontakt med fleire i Bergen, og eg håpar på at skulen fiksar ei ordning der eg kan reise til Bergen anna kvar veke eller noko slikt, og ha dobbelt så mange timar dei vekene..

Direktelenkje Kommenter innlegget

Kurstida er igong!

10-07/2009 at 18:39 (Folkemusikk, Klassisk, Sommar)

UngFolkheaderTida for sommarkurs er no inne, og eg er påmeld til to ulike kurs. No på tirsdag skal eg til Kviteseid i Telemark for å vere med på folkemusikk-kurset UngFolk, der unge folkemusikarar og folkedansarar samlast , for å lære nye slåttar på fele, langeleik, hardingfele, fløyte eller song. Ein kan òg vere med på dans, der ein får danse alt frå gamaldans, til hallingdans. Kurset vert avslutta med konsert i Bø i Telemark om fredagen, og om lørdagen er det kappleik for dei som ynskjer å delta. Deretter skal eg vere til stades på resten av Telemarkfestivalen.

Første veka i august er årets sommarskule på Halsnøy. Dette er eit kurstilbod for klassisk ungdom frå 10 til ca. 25 år. Der er ein i ei veke, frå søndag til søndag, og spelar i orkester. Ein kan vere påmeld i ungdomsorkesteret, eit reint strykeorkester, leidd av Igor Rybak, far til Mgp-vinnaren vår. Eller så kan ein melde seg på i det mykje vanskeligare symfoniorkesteret. Der har dei med heile spekteret av instrument som  trengs i eit symfoniorkester, alt frå strykarar til blåsarar og slagverk. Dette orkesteret vert leidd av dirigent Kjell Seim. Veka vert avslutta med konsert i Grieghallen i Bergen, der ungdomsorkesteret først spelar, så spelar kammerorkesteret (eit ikkje-obligatorisk orkestertilbod), og til slutt spelar synfoniorkesteret. Eg er påmeld i synfoniorkesteret i år, etter å ha spelt i ungdomsorkesteret i 3 år no. Men eg må seie at eg trur eg har teke meg vatn over hovudet, fo rdet er ganske vanskelige notar, og eg skal til Tyskland på ferie i mellom UngFolk og dette kurset, så eg får nok ikkje så mykje tid til å øve.. Men det skal nok gå bra, med tanke på at kurset har fantastiske instruktørar som engasjerar seg i musikken, og som klarar å motivere ungdomen til å øve.

Direktelenkje Kommenter innlegget

Elation slår til igjen!

06-06/2009 at 01:00 (Rock, Skule) (, , , , , , )

Elation_skulen2

Frå venstre: Gunvald Ottesen, Valeria K. Rojas og Jon S. Husum.

Igår var dagen for den store opptredenen på sommarfesten på skulen. Konserten som skal starte takraset av konsertar framover mot og i sommaren. Me ankom kl. 17:00, med sakene våras med oss. Me fekk veta tidlegare på dagen at det var ingen av dei som hadde satt igong denne festen som i det heile tatt gadd å prøve å få tak i scene, så me måtte stå på ei steintrapp. *Herleg*.. Me fekk låne PA-anlegget og mixepulten av rockebandet Bastard, som personleg leverete sakene.

På denne konserten introduserte me dei to nye låtane våre, ‘Stupid’, og ‘Just Like Before’, samtidig som me spelte dei gamle låtane våre ‘Time’, og den ganske populære låta ‘Lucy’. Me fekk ganske god respons på dei nye låtane, men publikum jubla på det meste då eg drog igong intro-riffet på ‘Lucy’. Tilhøva tatt i betraktning, så var det ein ganske vellukka konsert, om ein ser bort ifrå at Kristoffer (som spelar trommer) dreit seg ut midt i ‘Lucy’. Ellers var konserten ganske bra. Går det like bra på dei to-tre neste, så trur eg me skal vere godt nøgde.

Direktelenkje Kommenter innlegget

Stress i rolege tider!

01-06/2009 at 15:58 (Klassisk, Skule) (, , , , , , , )

Tida framover no er faktisk ganske stressande, til tross for mange fridagar.. Det er avslutningar hist og pist, konsertar som skal spelast over alt, og fortsatt så har eg munnleg eksamen igjen, før eg kan ta sommarferie. På skulen så anar ikkje lærarane kva dei skal setje oss til, så dei sender oss ut på tur i skog og mark, berre fordi dei sjølve er lei.. Og dei dagane me er på skulen, så repeterar me absolutt alle tema i alle fag, for me veit enno ikkje kva me kjem opp i til eksamen. I tillegg så har me noko som skulen kallar sommarfest ute på skuleplassen, der bandet vårt blant andre skal opptre. Dette finn stad no på torsdag, 4. juni. Så går det ei halv veke, og så er munnleg eksamen igong, og eksamensdagen er 10. juni.

Den 11. juni har Stord Kulturskule avslutningskonserten sin for året, og her skal og bandet mitt opptre. I tillegg skal eg og band-instruktøren vår, Ian Kolstad, spele Dobbelkonserten av Bach. Me skal øve no seinare i ettermiddag.

Dette vert den siste kulturskulekonserten eg opptrer på, før eg forlet Stord Kulturskule etter 9 år. Eg har bestemt meg for at etter 9 år hos same fiolinpedagogen, er det på tide med endring, og no passar tida bra, i og med at det mest sannsynleg vert musikklina på meg til hausten. Uvisst er det enno kven som då vert fiolinpedagogen min.

Veka etter det består av rydding av klasserommet, og avslutning i Kulturhuset for 10. klasse. Der skal og elevane bidra, så eg og ein kompis i klassen skal spele vårt eige arrangement av Canon i D av Johann Pachelbel. Han skal spele piano, eg skal spele fiolin. Så der er enno ein ting å øve til.

No på laurdag fekk eg forresten notane til årets sommarkurs på Halsnøy, der klassisk ungdom samlast kvart år, første veka i august, for å spele i orkester ei veke, og veka vert avslutta med konsert i Grieghallen i Bergen. Me skal spele Tschaikowski sin 5. symfoni, konsertsuiten fra Batman: The Dark Knight, og eit stykke som me enno ikkje har fått notane på. Eg har med blanda kjensler fått tildelt førstefiolin. Det er jo alltid kjekt å spele førstefiolin, men eg trur at eg vil slite litt med notane.. I tillegg skal eg på folkemusikkkurset UngFolk i Kviteseid i juli, og eg skal til Tyskland ei veke to veker før det. Så eg lurar på kva tid eg skal få tid til å øve på Halsnøy-repertoaret…

Direktelenkje Kommenter innlegget

Prøvespeling!

18-05/2009 at 19:33 (Klassisk, Skule) (, , , , , , )

violin banner-21-52-52-ads-21

I morgon har eg prøvespeling for musikklinja på Stord VGS. Eg skal spele Concerto for to fiolinar av J.S. Bach, saman med avgongseleven frå musikklinja: Margrete Zahl Pettersen.

På prøvespelinga kan ein få inntil 15 poeng lagt til snittkarakteren frå 10. klasse. Det er i år 58 stykker som har søkt på musikklinja, og kun maks 13 av dei får poeng. Klassen vert beståande av om lag 30 elevar, og dermed må flesteparten klare å kome inn på karaktergrunnlaget.

I år er det sjølvsagt søkjar-rekord på musikklinja, d.v.s. at dette er det året der flest har søkt musikklinja, sidan den starta på ‘70-talet.. Det er klart at med min flaks så kunne ein jo garantere dette på førehand, for eg er ikkje akkurat kjend for å ha flaks. Så eg må nok satse på å kome inn på musikklinja på karaktergrunnlaget, eg, på lik linje med den drøye andre halvdelen av klassen.

Ønsk meg lykke til i morgon! Det treng eg!

Direktelenkje Kommenter innlegget

NM i folkemusikk!

12-05/2009 at 22:09 (Folkemusikk) (, , , , , )

Landskappleiken på Beitostølen, 2006.

Landskappleiken på Beitostølen, 2006.

Landskappleiken har til alle tider vore den store folkemusikk-tevlinga i norsk folkemusikk. I tillegg har det sidan 1986 blitt arrangert Landsfestivalen for gamaldans. I 2009 vil desse to slå seg saman som eit prøveprosjekt, og dannar eit gigantisk noregsmeisterskap i folkemusikk! Hendinga vil ta plass på Geilo og Ål i Hallingdal frå 23. – 28. juli.

Det heile startar med ein stor utandørs dansefest i Ål folkepark, og med tevling i open klasse. Onsdag fortsett tevlingane, som då vil gå føre seg på Geilo. Det blir kvalifiseringar på dagtid og finalar om kvelden. Det blir høve til å danse kvar kveld, til landets beste spelemenn. Sundag blir det fyrst folkemusikkmesse i Ål kyrkje før Meisterkonserten på Geilo rundar av det heile.

Alle folkemusikkinteresserte er herved inviterte til å kome på ei hending som vert første (og kanskje siste) gong i historien! For meir praktisk info om overnatting og beliggenheit, dagsplanar og tevlingar, sjå:

www.folkemusikknm.no

Direktelenkje Kommenter innlegget

Vamp til Telemarkfestivalen!

11-05/2009 at 13:18 (Folkemusikk)

Vamp

Vamp

Vamp er kjend for sin folk-baserte musikk på fiolin, bratsj, trekkspill, fløyte, mandolin og gitar, og dei har blitt utruleg populære. Øyvind Staveland, Torbjørn Økland og Carl Øyvind Apeland har alle vore med frå starten av i 1991, og dannar grunnstammen i bandet. Blant tekstforfatterne finn vi Arnt Birkedal, Ingvar Hovland og Kolbein Falkeid. På St.Mandag har dei fått med seg ein flunkande ny vokalist i Paul Hansen (27) , Odin Staveland (22) spelar tangentar, trommer og perkusjon og bidreg også sterkt som komponist på denne utgivnaden. På utlån frå KORK har dei med Birger Mistereggen på perkusjon, trommar og munnharpe. Paul Hansens vokal gjør Vampballadene kanskje endå meir lågmælte og vakre enn tidlegare, mens trøkket i dei litt meir rocka låtene også er påtageleg. Vamp har ved to tidlegare høve spelt på Telemarkfestivalen, i 2001 og i 2005, og er eitt av dei mest folkekjære banda i festivalen si historie.  På jubileumsfestivalen i 2009 vil dei spele på Utescena på Skogen Gård.

Vamp delar scena med Eliza Carthy. Vamp entrar scena kl. 20.30.  Billettar er lagt for sal i Gullbring Kulturanlegg, tlf. 35 06 03 90 Pris kr. 350 + bill.avg. For meir informasjon om festivalen, sjå:

www.telemarkfestivalen.no

Direktelenkje Kommenter innlegget

Yez!

10-05/2009 at 01:47 (Generelt)

Eg har no oppretta ein konto her hos wordpress, og for å få gjort det klart, så kjem eg til å skrive på nynorsk! Ikkje det at eg har noko imot riksmål eller bokmål eller kva du no måtte kalle det, men eg har noko imot dei som bur her på Stord, som  er ein av verdas største nynorskbyar (om ikkje den største), og som allikevel skriv bokmål, utan nokon anna grunn enn at dei trur at nynorsk er teit! Difor vel eg å skriva på nynorsk.
Eg kjem tilbake og skriv fleire innlegg når eg finn noko passande å skrive om. Eg er ikkje veldig flink med slik blogg-greier, men eg skal prøve å gjere mitt beste for å forstå dette:)

-Gunvald

Direktelenkje Kommenter innlegget

Hello world!

09-05/2009 at 23:05 (Uncategorized)

Welcome to WordPress.com. This is your first post. Edit or delete it and start blogging!

Direktelenkje Kommenter innlegget